Lashinda Demus
Lashinda Demus | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 10. mars 1983 (41 år) Inglewood |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2004 |
Lashinda Demus (fødd 10. mars 1983) er ein USA-amerikansk friidrettsutøvar frå Inglewood i delstaten California. Ho vart verdsmeister i 400 meter hekk i 2011 og vann VM-gull i 4 x 400 meter stafett i 2009. I tillegg har ho vunne to VM-sølv, eitt OL-sølv og ei OL-bronse på langhekken i tida 2005-13.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Demus deltok i OL 2004 i Aten, der ho vart slått ut i semifinalane på 400 meter hekk. Året etter tok ho sølvmedaljen i same øvinga under VM i friidrett 2005 i Helsinki, einast verdsrekordhaldaren Julija Petsjonkina sprang fortare.
Under friidretts-VM 2009 i Berlin vann Demus eit nytt VM-sølv på langhekken, og ho sprang tredjeetappen for USA sitt vinnarlag i 4 x 400 m stafett; dei andre på laget var Debbie Dunn, Allyson Felix og Sanya Richards.
Ved VM i friidrett 2011 vann Demus gullmedaljen på 400 meter hekk då ho sette USA-rekord med 52,47 sekundar og viste tittelhaldaren i øvinga, Melaine Walker frå Jamaica, til sølvplassen. Året etter var Demus involvert i eit durabeleg oppgjer om OL-gullet på 400 meter hekk i London, der ho måtte gje tapt for russiske Natalja Antjukh med ein margin på sju hundredels sekund. Demus fekk så bronsemedaljen på langhekken då VM i friidrett 2013 fann stad i Moskva.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Lashinda Demus» frå Wikipedia på engelsk, den 16. august 2015.
- «Lashinda Demus» (på engelsk). Olympedia. Henta 11. mars 2023.
- Einskildkvinner
- Fødde i 1983
- Hekkeløparar frå USA
- Sprintarar frå USA
- Verdsmeistrar i friidrett
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for USA
- USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2004
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2012
- USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2012
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012